Handelens Miljøfond oppfordrar kvart år idrettslag og foreiningar til å bytte ut dugnadssalget av sokkar og produkt med ryddedugnader i sitt eige nærmiljø. Dette kan idrettslag eller foreiningar søke om opptil 500 kr per barn/ungdom i midlar til. Midlane kan gå mellom anna til mat til frivilllige, symbolsk godtgjersle til skuleklassar, løn til dei som administrerar og koordinerer store aksjonar, og til transport.

I fjor delte Handelens Miljøfond ut 22 millioner kronar til 94 frivillige ryddeprosjekter. Forutan idrettslag og foreiningar, vart også mellom anna skuleklassar tildelt økonomisk støtte.

ØyVAR oppfordrar idrettslag og foreiningar i Øygarden til å bruke tilbodet og søke støtte til ryddeaksjonar i nærmiljøet.

Vil idrettslaget eller foreininga di søke støtte i år, må du sende inn ein søknad. Meir informasjon om korleis du søker finn duwww.handelensmiljofond.no

Strandrydding

Lagt inn: 21.03.2024